Det manglar framleis pengar for å komme i mål med eit nytt badeland i Herøy. Styret i Sunnmørsbadet opplyser no at selskapet treng minst 25,5 millionar i frisk kapital.

– Styret vurderer selskapet å vere i ei alvorleg krise samansett av fleire element, heiter det i ei orientering frå styreleiar Bjørn Martin Aasen framfor ei ekstraordinær generalforsamling måndag neste veke.

Om ikkje eigarane deler styret sitt syn på situasjonen, stiller dei sine plassar til disposisjon.

Følg smp.no på Facebook

– Korleis skal selskapet få inn desse nye millionane?

– Det ønskjer eg ikkje kommentere nærare no. Vi har funne det rett å informere eigarar og publikum om situasjonen, så tar vi dette stegvis. Men vi ønskjer mellom anna ein dialog med Herøy Næringsforum i dette arbeidet, seier Aasen til smp.no.

– Dette nye styret har jobba i knappe fire veker og vi er framleis i ein analysefase, legg Aasen til.

Sprekk på 56 millionar?

Ny utrekningar tilseier at den samla kostnaden for prosjektet endar på kring 236 millionar kronar.

Det tilsvarar ein sprekk på 56 millionar - eller kring 30 prosent - samanlikna med dei 180 millionane det tidleg i fjor vart opplyst at badelandet skulle koste. Då er ikkje moms mederkna.

Allereie i vår vart det kjent at budsjettet ville sprekke med minst 30 millionar.

Styret peiker samstundes på at også dette siste anslaget er usikkert, og selskapet treng enno meir pengar for å hamne i ein berekraftig økonomisk stilling på sikt. Dei peiker på at selskapet ikkje bør ha meir enn 25 millionar i langsiktig gjeld. I dag er gjelda på 45 millionar og styret vil jobbe for å redusere denne.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Enno ikkje full oversikt

– Styret konstaterer at det til no har vore utfordrande å få fram kva som har påverka kostnadsutviklinga i prosjektet fullt ut og arbeider vidare med det, konkluderte styret i eit møte onsdag.

Aasen vil ikkje no utdjupe kva som ligg i dette eller årsakene til overskridingane. Han opplyser at styret ikkje føler dei har god nok oversikt over korleis kostnadsramma har utvikla seg på ulike tidspunkt.

Men han påpeiker samstundes at styret ikkje er kjent med at den planlagde opninga i februar står i fare.

– Skal styret kunne gjennomføre prosjektet slik eigarane i utgangspunktet hadde som mål, og prosjektet gjenvinne opinionen sin tillit, er styret heilt avhengig av at styret og eigarane på alle punkt har same oppfatning av selskapet og prosjektet sin situasjon, påpeiker styret framfor generalforsamlinga.

Styret vil arbeide vidare med ny søknad om RDA-midlar og sal av delar av bygget for å sikre finansieringa.

Bråk og uro

Styreleiaren skriver vidare i si orientering at manglande openheit, politiske konfliktar og negativ pressedekning har ført til at selskapet vert omtala negativt i opinionen.

Nestleiar Anders Almestad trakk seg førre veke frå styret etter kort tid i vervet. Han meinte aksjonærane har ført selskapet inn i ein politisk dragkamp, framfor å konsentrere seg om dei økonomiske utfordringane i selskapet.

I starten av oktober forsvann også Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr ut døra som styreleiar - og inn kom noverande Aasen.

<strong>Tek roret:</strong> Nypensjonert kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen har hatt mange store nasjonale verv og har no teke over som skipper for skuta Sunnmørsbadet Fosnavåg AS. Arkivfoto: Knut Arne Aarset