I dommen frå Søre Sunnmøre tingrett går det fram at mannen i 20-åra køyrde motorsykkel bak ein bubil som heldt 72 km/t. Det var 80-sone på staden, og ei rett og oversiktleg strekning. MC-føraren bestemte seg difor for å køyre forbi.

Sjølv såg han ikkje på speedometeret, men då han blei stoppa i fartskontroll, fekk han sjå at han hadde køyrt i 127 km/t.

Var avslutta

I dommen frå Søre Sunnmøre tingrett går det fram at forbikøyringa var avslutta då fartsmålinga skjedde. Retten meiner at farten mannen heldt, var vesentleg høgare enn det som var nødvendig for å føreta ei aktsam forbikøyring.

Mannen har tilstått, noko Søre Sunnmøre tingrett finn formildande. Det er ingen skjerpande omstende i saka.

Må betale bot

Søre Sunnmøre tingrett har dømt mannen, som er frå ytre, søre Sunnmøre, til fengsel på vilkår i 16 dagar, med to års prøvetid.

Han er også dømd til å betale 10.000 kroner i bot.

Dessutan er han frådømd førarkortet i sju månader og må ta ny praktisk førarprøve for å få det tilbake.