Dette seier herøyværing og medlem i Herøy formannskap/kommunestyre, Kjell Runde til Sunnmørsposten.

Han reagerte med vantru så han såg saka i avisa om avdøde Knut-Jonny Nerland, som ikkje fekk oppfylt sitt sterke ønskje om at sjukehusprest Jens Terje Johnsen skulle halde gravferda hans.

– Ei slik nådelaus avgjerd i ei slik sak greier eg ikkje å finne foreinleg med nokon av dei verdiane som kyrkja og kristendommen skal stå for.

– Det vert vist til ein personalkonflikt for fleire år sidan, som forklaring. Då spør eg: Kvar er det forsonande og tilgjevande sinnelag? Kvar er nestekjærleiken? utfordrar Runde.

Ansvar

Han meiner biskopen tek på seg eit stort ansvar med å handle så kompromisslaust.

– I staden for å forsone og hjelpe til med å leggje ei sak bak seg for alle partar, er biskopen på denne måten med på å nøre opp til ny strid – ved å handle slik og dermed opprøre svært mange av innbyggjarane, påpeikar Runde.

Han seier han vart fødd inn i Statskyrkja for 65 år sidan, men at han etter denne saka lokalt, no vil ta medlemskapen opp til sterk vurdering.

Vondt

Biskop Ingeborg Midttømme er sjukmeld for tida. Fungerande biskop Olav Gading seier at føringane i denne saka er lagt av biskopen, og at han handla i tråd med den avgjerda då avslaget vart gitt.

Han medgjev samstundes at han synest saka er vond. Men biskopen si avgjerd kan altså ikkje overprøvast, sjølv av den norske kyrkja sin preses, ifølgje ekspedisjonssjef Ingrid Vad-Nilsen i Kyrkjeavdelinga i Kulturdepartementet.

Ho seier dette i ein skriftleg kommentar: «Departementet er ikke kjent med saken fra Møre som omtales i avisopplaget og kan derfor naturligvis ikke uttale seg om den konkrete saken. Generelt kan vi imidlertid opplyse at biskopene er tillagt myndighet til å lede prestetjenesten og til å føre tilsyn med den kirkelige virksomheten innenfor sitt bispedømme. Avgjørelser som tas i denne forbindelse kan som hovedregel ikke påklages til annen myndighet. Preses er ikke overordnet de øvrige biskopene.»

Dermed er kanskje siste ord sagt i denne spesielle saka.