Sjukehusa har ikkje fleire senger å avsjå. I løpet av dei siste ti åra er til dømes talet på senger ved kirurgisk avdeling i Volda redusert med ni.

Det fortalde Synnøve Hill, hjelpepleiar og medlem i lokalgruppa for Helseteneste-aksjonen då den landsomfattande aksjonen torsdag nådde Volda sjukehus.

Hill la til at på landsplan er talet på somatiske sjukehussenger meir enn halvert. Og på berre sju år, frå 2007 til 2012, vart talet på psykiatriske senger redusert med 20 prosent.

Den lokale aksjonsgruppa overrekte overlege Inge Askeland, som representerte leiinga denne dagen, ei sjukehusseng som ei påminning om ansvaret direktøren og styret i helseføretaket har for at det er nok senger ved sjukehuset i Volda slik at dei kan yte ei forsvarleg behandling.