Denne veka startar Kystverket kjerneboring av fjellet der Stad skipstunnel skal byggjast.

Dette opplyset Kystverket på sine nettsider.

− Geologiske undersøkingar vil vurdere fjellkvalitet opp mot estimerte byggekostnader som tidlegare er blitt skissert, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket. Han viser til at kvalitetssikra kunnskap om eigenskapane til fjellet er ein viktig føresetnad når det skal utarbeidast forprosjekt og detaljert budsjett.

Kystverket opplyser at det skal borast eit hol med ein diameter på 76 millimeter ned til 250 meter.

Gjennom målingane vil ein få kunnskap om styrken på fjellet og om det vert behov for ekstra sikringstiltak under bygginga av tunnelen. Stortinget har sett av ein milliard kroner til Stad skipstunnel og mogleg oppstart vil vere etter 2018.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no