Rådmannen i Selje la fram sitt forslag til budsjettet for neste år, torsdag.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane er dette tøff lesnad, og forslaga omfattar nedlegging av Flatraket skule, å stenge ei avdeling på sjukeheimen, å kutte årsverk i administrasjonen, stenging av aktivitetssenter for personar med nedsett funksjonsevne og sal av omsorgsbustadar.

– Eg har jobba i Selje kommune i mange år. Dette er det vanskelegaste eg har vore oppe i både som fagperson og som innbyggjar. Men vi kan ikkje bli handlingslamma og vi kan ikkje lene oss tilbake og tru at dette vil gå over, seier rådmann Åse Elin Hole til NRK.

Kommunen har eit underskot som nærmar seg 10-15 millionar kroner.