- Det er heilt fantastisk at så mange har møtt opp. Eg håpte på ein stad mellom 50 og hundre personar, seier initiativtakar Ingvill Sævik Bjørneset.

Ho har som mange av oss andre fått med seg sterke historier om mobbing gjennom media den siste tida.

- Søndag sat eg og såg på tv om dei mange fakkeltoga mot mobbing rundt om kring i landet. Då tenkte eg at dette må vi jammen meg klare å få til her også.

Haldningar

Sævik Bjørneset trur ikkje at et fakkeltog i seg sjølv vil føre til mindre mobbing. Men ho trur at ei slik markering kan vere ein spire til bevisstgjering og haldningsendring.

- Vi har mobbing i Herøy også, sjølv om det kanskje ikkje er så synleg. Vi må vise at vi bryr oss og at det nyttar å seie ifrå, seier ho.

Initiativtakar Ingvill Sævik Bjørneset og sonen Sebastian leidde an i fakkeltoget. Foto: Hild Nordal