– Når det kunne gå såpass gale i sjølvaste landbruksnemnda, ja då er eg verkeleg spent på kva som kan skje med same saka også i formannskapet tysdag, grøssar Maria Nikkinen Rørstad (27).

– Seier fleirtalet der det same om i landbruksnemnda, så har miljøet i største landbrukskommunen i fylket tapt ein stor og kanskje avgjerande skanse, seier ho til Sunnmørsposten.

Odelsjenta driv «Inn på garden»-prosjekt på heimgarden sin i Skjåstaddalen ved Bjørke, der ho har busett seg med sambuar og satsar friskt på heiltidsjobb. Etter tre års drift med hestar og det heile, har ho no ventelister på oppdraga. Maria seier ho vart direkte forferda då ho såg referat og stemmetal – frå høyringssaka om buplikt og konsesjon frå landbruksnemnda.

Klart fagråd

Nemnda hadde møte den 20. november, og hadde i denne saka fått ei klar og eintydig tilråding frå landbrukssjef Liv Bente Viddal.

Ho ser konsesjonslova som eit nyttig reiskap til lokal forvaltning av ressursane i landbruket. Vidare heiter det:

¨«– Lova gjev kommunen høve til å ta omsyn både til eigarane, samfunnet og framtidige generasjonar. Landbruksnemnda meiner difor at lova er naudsynt, og rår sterkt ifrå å fjerne ho».

Men nemndsleiar Jostein Bjørdal (Frp) lanserte derimot den blåblå regjeringa sin politikk på feltet, og fronta såleis regjeringspolitikk i landbruksnemnda. Bjørdal fekk støtte frå både Ap og Venstre, og dermed fleirtal. Overfor lokalavisa Møre-Nytt sa Bjørdal seg regelrett overraska over at framlegget vann over landbrukssjefen si tilråding.

Raskt

Og her har Maria N. Rørstad endå eit undringspunkt overfor landbruksnemnda.

– Korleis kan dei gå så glatt imot ei så eintydig og klar fagleg tilråding? Når dette kunne skje i fagnemnda, så kan det jo like fort bli ein reprise i formannskapet. Her skjer ting tydelegvis svært raskt, og kanskje utan særleg mykje debatt.

– Blir dette resultatet, ja då er eg redd det også vil bli brukt politisk nasjonalt, for alt det er verd. Viss ein av største jordbrukskommunane på Vestlandet gjev desse prinsippa på båten, då vil det garantert bli lagt merke til, hevdar Rørstad.

Investeringar

Rørstad viser til at det siste åra er brukt milliardsummar på vegbygging i området. Og at mellom anna den nye infrastrukturen er i ferd med å bere frukter i form av ny satsing og busetjing. Ho og sambuaren ventar sin førstefødde til våren.

– Dermed er vi ekstra spente på kva- eller kven vi får som framtidige grannar.

– Vil det vere barnefamiliar som oss? Vil det vere rike framandfolk som kan ha ein konsesjons- og bupliktfri eigedom som dei brukar som fritidsbustad berre nokre veker i året? For oss vil dette utgjere ein enorm skilnad, understrekar Rørstad.

Aktiv lov

Ho viser til at det finst eit tredje alternativ, som ho hevdar heller ikkje er brukande: At hus og tun og eigedom får stå til det ramlar ned – og gror att.

– Dette siste skjer også i vår kommune. Men det skjer berre dersom kommunen ikkje faktisk handhevar både bu- og driveplikta aktivt. Når dette vert gjort, har eg frå andre stader i landet sett eksempel på at folk raskt innser det ikkje er vits i å trenere for folk som både vil kjøpe, satse og drive, insisterer Maria Nikkinen Rørstad.

Protest

Signe Krøvel (Ap) er sjølv bonde, og var med i fleirtalet for kutt i buplikt og konsesjon. – Kvifor stemde du slik?

– Det var kanskje litt ytterleggåande av meg å gjere det. Men eg har selt mjølkekvoten og trappa ned.

– Eg føler bonden sjølv har så lite ein skulle ha sagt. At lover og reglar vert tredd ned over hovudet. Eg trur ikkje bygdene vert kjøpte opp av folk utanfrå utan bupliktene, seier Krøvel.

<strong>Overraska:</strong> Jostein Bjørdal (Frp) vedgår at han vart overraska over å få fleirtal mot buplikta.