Det skapte undring og eit visst rabalder då landbruksnemnda i Ørsta kommune for ei knapp veke sidan vedtok å tilrå bortfall av både buplikt og konsesjonsplikt på landbrukseigedommar - i landbrukskommunen Ørsta. Maria Nikkinen Rørstad (27) var mellom dei som reagerte sterkast på landbruksnemnda sitt vedtak, og som song ut mot vedtaket i Sunnmørsposten tysdag.

Les også: Fryktar bondefyrtårnet Ørsta faller

Rørstad Nikkinen driv mellom anna rideterapi på heimgarden i Skjåstaddalen ved Bjørke, og møtte opp til debatten i formannskapet i lag med sambuar Torbjørn Saure Hoel. Dei to, og formannskapt elles, fekk umiddelbart melding frå ordførar Rune Hovde: - Denne saka har skapt såpass mykje engasjement på kort tid, at eg alt no vil signalisere at vi må ta heile debatten i formannskapet, sa Hovde.

Dette kvelte likevel ikkje debatten i formannskapet, som vart fyrt opp av Hans Olav Myklebust Frp). Han hevda saka ikkje handlar om buplikt eller bulyst, men om butvang.

- Vi er ikkje lenger tente med dagens regulering av eigarskapet i landbruket. Tida med tvang må vere forbi, hevda Myklebust.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Hardast motbør fekk han av Ola Perry Saure (Sp) og av varaordførar Paul Kristian Hovden (KrF). Dei gjekk på skansen med argument om at unge må få høve til å gå inn i landbruket, utan å måtte konkurrere med rike oppkjøparar som berre vil eige.

Røystinga enda med fem mot fire røyster for rådmannen si tilråding, som går på å behalde dagens lovverk. Dermed snudde formannskapet opp ned på landbruksnemnda sitt overraskande vedtak i førre veke. Men dei fleste i formannskapet sa seg glad for at saka om buplikt skal opp i full breidd på neste kommunestyremøte.