Tre personar vart brakt til lege for sjekk etter ei trafikkulukke på riksveg 15 i Vågsøy tysdag.

Ambulanse og politi rykka ut etter at meldinga om ulukka kom ved 13.20-tida. Til saman sju personar befann seg i dei to bilane som kolliderte, opplyser operasjonssentralen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ifølgje politiet dreiar det seg om ein påkjørsel bakfrå, men det er ikkje teke beslag i førarkortet til sjåføren som forårsaka krasjen. Ulukka vil likevel bli etterforska.

Kollisjonen skjedde ved Brunsviktunnelen mellom Bryggja og Almenningen.