30 millionar kroner og halvtanna års byggjetid har det kosta å få bytt ut det berykta gamle Garneskrysset i Ulsteinvik - med rundkøyring og eit romsleg og unikt knutepunkt for busstrafikken.

  • Sjå snorklippinga over

Den gigantiske busshaldeplassen vart ferdig og teken i bruk akkurat til skulestarten i haust. Sjølve rundkøyringa, med omkrins megaklassen, har også sakte men sikkert kome i full drift utover hausten.

Følg smp.no på Facebook

– Bra for kollektivtrafikken

Onsdag ettermiddag klipte fylkesordførar Jon Aasen flaggsnora for offisiell opning.

Fylkesordføraren er sjølv mellom dei mange som opp gjennom åra har stanga seg fast i trafikken i gamle Garneskrysset, som hadde noko så sjeldant for søre Sunnmøre som eit knallraudt «full-stopp-skilt». Jon Aasen var ikkje snau i sin omtale av den nye løysinga:

– Alt midt i anleggsperioden her flaut trafikken betre enn han gjorde i gamlekrysset. Dette er det eg vil kalle eit moderne trafikkknutepunkt, der ikkje minst kollektivtrafikken er tilgodesett med topp løysingar, sa Aasen.

Sauesaks

Snora vart spent opp mellom prosjektleiar Anders Bergby frå Statens vegvesen, og Ulstein-ordførar Jan Berset. I midten stod vanylvingen Jon Aasen med ei godt gravrusta sauesaks.

– Eg er såpass gamal at eg faktisk har vore med og klipt sauer med ei slik, forsikra Aasen og smilte avvæpnande mot det som måtte vere av skeptiske fjes til denne reiskapen.

Snora måtte gje tapt ved lyden av første saksekvin i lufta, akompagnert av tiltakande ettermiddagstrafikk kring den nye trafikkøya på søre.

6000 bilar i døgnet

Det nye Garneskrysset svel no unna ein døgntrafikk på om lag 6.000 personbileiningar. Etter at Eiksundsambandet vart gratis å passere skvatt trafikken opp frå 5.000 bilar i døgnet.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Det var elles stort ordføraroppbod ved opninga, ettersom Garneskrysset er rekna å få stor tyding for alle sju kommunane på søre Sunnmøre. Og ikkje minst grannekommunane vidare nordover.

Har du prøvd det nye krysset? Hva synes du om resultatet? Bruk kommentarfeltet!

Prosjektleiar Anders Bergby (t.v.) frå vegvesenet og Ulstein-ordførar Jan Berset (midten) var snorhaldarar for fylkesordførar og snorklippar Jon Aasen. Foto: Knut Arne Aarset