Dette seier ein nøgd lufthamnsjef Sverre Bae på Ørsta Volda lufthamn Hovden fredag morgon.

Då morgonflyet frå Oslo landa klokka 09, stor han klar med sju raude roser til første passasjer gjennom slusa i  den nye – og berre så vidt ferdige – innkomsthallen. VVS-spesialisten Sten Solend frå Ski gjekk først gjennom stålgrinda, med knappast muleg margin til nestenmann. Rosene visste ingen av passasjerane om – fleire av dei kikka mot den gamle innkomsthallen, men der var det stengt med refleksband.

Sjå video til høgre i saka (nettutgåva) og nedst i saka (mobil)

Raskt

Eit stort framsteg dette, konstaterer Sverre Bae og syner rundt i lokala. Så seint som i september i år var dette framleis garasjelokale for flyplassen sine utrykkingsbilar. Men i tett samarbeid mellom entreprenøren Dalsfjord Bygg as og flyplassen sine eigne folk, vart siste målingsstrøk lagt på toalett og siste stige utandørs fjerna berre minuttar før flyet med testpassasjerane landa.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre her

Hurtigmåling

Det er heldigvis vassbasert måling som tørkar ultrafort. Eg håper likevel at ingen finn på å setje veska si i vindaugskarmen på dametoalettet første halvtimen, gliser handverkar Harry Lundebrekke. Prosjektet har kosta tre millionar kroner å gjennomføre, og er altså gjennomført på berre eit par månaders tid.

Retro

Her er nok litt retro stil, med betonggolv om stor takhøgd. Akustikken er så god at kanskje vi kan arrangere julekonstertar her? Smiler sjefen og held fram:

– Eg meiner vi har fått det aller beste ut av ombygginga, for rimelege midlar. Viktigast av alt er uansett at dette vil sikre flyten ut og inn på ein heilt annan  og betre måte enn hittil, både for passasjerar og tilsette, garanterer lufthamnsjefen.

Les også: Vigra subsidierer ulønsome flyplassar

Mellombels

Ordninga er likevel mellombels.

– Med kring 120.000 passasjerar på årsbasis alt før ombygginga, er det klart vi må opp med noko endå betre og større på meir permanent basis. Sikkerheita står under alle omstende i høgsetet, og no skal vi fint kunne handtere to fly samstundes. Eg er viss på at passasjerane vil merke ombygginga positivt, seier lufthamnsjef Sverre Bae.