Ein 47 år gamal dansk vikarlege ankar ikkje dommen på sju månader i fengsel etter ei dødsulukke i Vågsøy.

Det stadfestar forsvarar Paul Inge Angelshaug ovanfor NRK Sogn og Fjordane. Heller ikkje påtalemakta, som fekk medhald frå retten i påstanden som vart lagt ned i retten, vil anke dommen - som difor er rettskraftig.

Mannen kolliderte med ein møtande bil ved Bryggja då han var på veg heim frå nattevakt i påska i fjor. Ei polsk seksbarnsmor som køyrde den andre bilen, mista livet i ulukka.

Vikarlegen var påverka av medisinar då ulukka skjedde i høg fart. Fjordane tingrett dømte difor mannen til aktlaust bildrap i oktober.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no