Ap-politikar Arve Helle reagerer på at Stryn vurderer å byte fylke samstundes som fylket tømmer kassa si til Olden-Innvik, ifølgje NRK Sogn og Fjordane.

Stryn vurderer å giftemål med kommunar på Sunnmøre, og denne veka omtalte Sunnmørsposten moglegheitene for at Møre og Romsdal i framtida fekk heile Nordfjord på laget.

Les også: Nordfjord ser nordover

Fjalerordførar og Ap-politikar, Arve Helle, frykter det kan bety kroken på døra for Sogn og Fjordane.

– Det er klart at viss delar av fylket forsvinn over til eit nabofylke så er snart Sogn og Fjordane ein saga blot. Viss dette først gleppar så blir alle kommunane ein utkant i andre fylke alle saman og eg er ikkje sikker på at det er så mykje betre, seier han til NRK.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no