Varm mjølk. Britt Harøy (58) på den idylliske øya Voksa - ut mot havgapet i Sande kommune - har sjølv baka og ysta til den store gullmedaljong - denne siste helga før julaftan.

Følg smp.no på Facebook

Saman med mannen Gudmund Stavik (54) driv ho gard med 18 mjølkekyr på båsen. Det aller meste med drifta går fint og feilfritt, men sist fredag skjedde det fatale:

Eit lynnedslag trefte driftsbygningen og nulla ut alle funksjonar i den enorme kjøletanken i mjølkerommet. Inkludert kjølefunksjonen, sjølvsagt.

– Kom med bøtter og spann

– Kom med bøtter og spann, eller kva anna de har for handa. Gratis mjølk til tanken er tom, annonserte Britt Harøy.

Men tanken var over halvfull, og tanken bak invitasjonen var god.

– Det gjekk ikkje lang tid før det strøymde på med folk som meir enn gjerne kunne tenkje seg ein skikkeleg skvett superfersk heilmjølk, konstaterer Britt Harøy. Også frå Kvamsøy.

Fløyte og kvitost

Sjølv leitte ho fram ein elektrisk driven separator som gardbrukarparet fann på nettet. Dermed vart den finaste fløyte separert og hamna i spannet. Vidare vart det kokt kvitost, og det vart kinna smør på garden.

– Det er ikkje måte på kva naturleg julemat ein kan lage når kjølesystemet først sviktar, ler Britt Harøy.

Ho understrekar at det aldri var på snakk å selje denne mjølka: – Nei, til det må ein ha spesielt løyve frå Mattilsynet og greier, og det har vi ikkje. Men det var svært gledeleg at mjølka kom til nytte, når først uhellet var ute, synest ho.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Også nokre spedkalvar i fjøset fekk ekstra rasjonar av søtmjølk denne helga. Berre ein lite skvett var att då «sjølvplukkhelga» på ekte H-mjølk var omme.

– Den blir syrna til kalvemat. To døgn utan kjøling er nok, konstaterer Gudmund Stavik.