Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er ikkje nøgd med innspela som til no har kome om mulege høgskulefusjonar på Vestlandet, melder hivolda.no. Like før jul var alle rektorane og direktørane frå Molde til Bergen innkalla til eit ekstra dialogmøte i departementet.

Lite sannsynleg

– Enten vi likar det eller ikkje, synest det mindre og mindre sannsynleg at høgskulane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane får halde fram med det sjølvstendet kvar av oss har i dag. Alternativet til ei regional løysing kan fort verte større einingar med sete i Bergen eller Trondheim, trur rektor Per Halse ved Høgskulen i Volda.

Minst

I det nye landskapet vil noverande mellomstore høgskular som i Volda verte mellom dei aller minste. På møtet utfordra statsråden særleg skulane i Sogn og Fjordane og i Volda om å tenkje grundig gjennom korleis dei skal ta ansvar for den nye femårige lærarutdanninga.

– Januar synest å verte ein lagnadsmånad, seier Volda-rektoren til hivolda.no.