Onsdag blei det kjent at Sunnmøre politidistrikt igjen legg vekk etterforskinga av Herøybrannen i 2008. Omfattende etterforsking har ikkje oppklart brannen som kosta fire menneskeliv.

Les også: Dødsbrann lagt vekk etter ny etterforsking

Dei pårørande blei informert onsdag og vil no vurdere å melde politiet til Spesialeininga for politisaker. Det opplyser bistandsadvokat for dei pårørande Odd H. Hovde.

– Vil vi saman vurdere om det er grunnlag for å reise sak mot politiet på grunn av den etterforskinga som blei gjort den første gongen, seier Hovde til smp.no.

Tok ikkje mistanke på alvor

Brannen blei etterforska på nytt etter press frå dei pårørande. Oskar Grimstad som mista si 17 år gamle dotter Kamilla, meiner politiet forsømte seg i tenesta i den første etterforskinga.

Kritikken er retta mot leiinga ved dei lokale lensmannskontora, og bakgrunnen er at dei ikkje tok på alvor ei mistanke frå etterforskingsleiaren tidleg  i saka.

– Det blei ganske raskt konkludert med at ein skulle trappe ned etterforskinga, trass i at etterforskingsleiaren meinte brannen kunne vere påsett, seier Grimstad til smp.no.

Grimstad har saman med andre etterlatne fått innsyn i fleire hundre sider frå den nye etterforskinga. Han fortel om eit notat der etterforskingsleiaren varslar om si uro om brannårsaka.

– Dokumentet blei lagt til side og forsvann på uforklarleg vis ut av saksmappa, for så å kome til rette no i den nye etterforskinga.

Takka nei til Kripos-hjelp

Han meiner saka slik sett liknar Monika-saka frå Bergen. Grimstad peiker også på at Kripos kom med tilbod om taktisk bistand til politiet på Sunnmøre.

– Det takka politiet dessverre nei til, seier Grimstad.

– Alle tekniske spor som kunne gitt ei oppklaring er no borte. Dei kunne vore avgjerande for å finne årsaka til brannen, seier han.

Gjenstandar som var inne i bustaden natta før brannen starta, blei seinare funnen i ein bil utanfor. Dei er analysert på nytt med tanke på biologiske spor, men mulege DNA-spor var no øydelagd. Også telefondata frå den tida er sletta.

Ikkje oppretta ny tillit

I sitt svar til politiet på Sunnmøre skriv statsadvokat Magne Nyborg at kommunikasjonen mellom politiet og bistandsadvokaten til dei pårørande ikkje verkar tilfredstillande.

Sunnmørsposten har tidlegare skreve at advokat Hovde i fleire brev etterlyste svar frå politiet om framdrifta i saka, og at han hevdar å ikkje å fått svar. Politiet har svart til dette at dei ga fortløpande svar via uformelle epostar og telefonar.

Grimstad seier politiet likevel ikkje har klart å opprette ny tillit hos ham.

– Dei har etter mitt syn ikkje oppretta ny tillit slik dei burde. Det burde vere muleg i dag å opprette rutinar for å svare på at ein har motteke eit brev, og kjem tilbake med svar. Slik slepp folk å gå å lure på om brev er motteke. Eg synst det er respektlaust, seier Grimstad.