I Ørsta kulturhus har det dei fire siste åra vore arrangert dataparty to gongar for året. No er det slutt for ModusLAN, etter at drivarane av organisasjonen ikkje finn nokon til å ta over etter seg.

– Vi har ikkje klart å rekruttere etterfylgjarar, noko vi synest er trist. Tilbodet vårt har vore svært populært, og vi har på det meste selt ut alle 150 billettane på under fem minutt. Vi tolkar det som at det er etterspurnad, men at det er vanskeleg å få ungdommen til å engasjere seg.

Les også: Mer jentelus på dataparty

Avhengig av eldsjelar

Etter å ha prøvd å rekruttere nytt styre i 2014, må den friviljuge organisasjonen ModusLAN no gje seg. Dei viktigaste nøkkelpersonane har ikkje lenger moglegheit til å arrangere dataparty i haust- og vinterferie, og ein slik organisasjon er avhengig av eldsjelar som tek ansvar.

Martin Håndlykken, styreleiar i ModusLAN, var deltakar første gong og har vore med å arrangere alle gongane etterpå:

– Det har vore ei fantastisk reise, men no er tida inne for å kaste inn handkleet og la andre ta over roret, seier Håndlykken

Han har håp om at andre tek initiativ og arrangerer nye dataparty i området, men det vert altså ikkje dataparty i Ørsta denne vinterferien.

– Alle i styret har dei siste åra arbeidd hardt med ModusLAN. No har vi flytt ut av bygda og engasjert oss i andre organisasjonar, seier Håndlykken.

Følg smp.no på Facebook

Sosialt samlingspunkt

Behovet for eit annleis arrangement for ungdom er heilt klart til stades. Responsen på det førre arrangement var enorm. Ifølge Benjamin Ulstein, PR-ansvarleg i ModusLAN, vart alle 150 billettane lagt ut for sal samtidig, og etter fem minutt var samtlege utselde. Dei har òg fått positive tilbakemeldingar frå båe deltakarar og foreldre om at ModusLAN har vore eit positivt tiltak som appellerar til ei breiare målgruppe enn lokalidretten.

– Vi har hatt store idéar og planar for framtida, som no diverre ikkje blir sett ut i livet. Vi håpar difor at det kjem nokon etter oss som vil ta over stafettpinnen, seier Benjamin.

– Eldsjelar og engasjement er viktig for lokalsamfunnet, og vil oppfordre til at nokon andre plukkar opp ballen etter oss, skriv PR-ansvarleg Benjamin Ulstein i ei pressemelding.