Eit marinefartøy på veg inn fjorden mellom Eggesbønes og Moltustranda i Herøy vekte oppsikt måndag ettermiddag. Herøynytt sin fotograf som tok bilde av båten, fortel at røyken slo over akterdekket og at det kunne sjå ut til at fartøyet sto i brann.

Skipssjef Ken Pettersen om bord fortel at hendinga var mindre dramatisk:

– Det heile er fullstendig udramatisk. Vi har ein feil i maskina, som vi jobbar med å undersøke. Vi håpar at det er ei lita sak, og at vi kan halde fram ferda snart, fortel han seint måndag ettermiddag.

Fartøyet er ein såkalla Skjold-klasse, som tidlegare vart kalla MTB-ar, og no går no under typenemninga korvettar i Forsvaret. Dei hurtiggåande båtane skal vere dei raskaste marinefartøya i verda, og kan oppnå ei toppfart på heile 60 knop.

Båtane er saman med fleire andre fartøy på veg til Nord-Norge, men gjekk mellombels til hamn måndag for å finne ut av maskinproblema.