HAREID (smp.no): Seks personbilar og eit vogntog fekk stå igjen då bommen gjekk ned og MF Høgsfjord la frå kai nokre minutt etter klokka 12 onsdag. Fremst i køen til neste avgang stod Atle Blomgren, som nytta tida til å ta fram pc-en og gjere litt jobb.

Blomgren som er på jobbreise for forskingsinstituttet Iris (IRIS AS - International Research Institute of Stavanger), fortel at han ikkje reagerte spesielt på at han ikkje fekk vere med.

– No har eg vore på ein avtale i Herøy og skal til ny avtale i Ålesund. GPS-en meinte eg kunne vere der til klokka 13. No vert det ein halv time seinare, seier han.

Vatne: – Ber Norled igjen vurdere å bytte ut Ullensvang

Køane veks

Smp.no forklarar kvifor vi er på kaia, og kva som har skjedd med maskinbrann og frustrasjonen med Ullensvang-ferja på sambandet.

– Det er klart at det skapar usikkerheit. Ein tenkjer «rekk eg ferja eller ikkje». Slik sett ser også eg fram til at Hafast (Hareid Fastlandssamband, journ. anm.) kjem, men eg synst eigentleg ikkje det er grunn til å klage, seier han.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Timen etter hadde køen med attståande bilar vekse til åtte personbilar, ein lastebil og eit vogntog. Timen deretter stod det om lag to fulle radar med kjørtøy, og ved 15-tida måtte om lag tre rader stå igjen.

Med andre ord bør ein belage seg på større forseinkingar - og attståande bilar når trafikken tar seg opp for alvor i ettermiddag.

– Bør vurdere kontrakta

Arnfinn Ingjerd i Maritim Forum Nordvest som sjølv tok ferjaover fjorden i føremiddag, er ikkje nøgd med forholda.

– Ein bør vurdere om det er grunnlag for å avslutte kontrakta. I det minste bør ein stille tøffare krav til Norled, sa han til smp.no tidlegare onsdag.

Samstundes oppmoda han folk til ikkje å ta ut frustrasjonen på mannskapet om bord.

Les også: – Ikkje kjeft på ferjemannskapa

Også Terje Høybakk i Mafoss - Maritim Forening for Søre Sunnmøre reagerer og har skreve eit krast brev til fylket som ein reaksjon på at Ullensvang måtte til verkstad 27 dagar ut i kontraktsperioden.

Må truleg vente på delar

Inntil vidare veit ikkje reiarlaget Norled kva tid Ullensvang kjem tilbake i drift etter maskinbrannen.

– Vi held framleis på med feilsøking for å finne ut kva for delar som må skiftast, og kva for delar som kan reparerast, seier regionssjef Inge Andre Utåker til smp.no.

Når dette er klart, vil tilgjenge på delar avgjere kor lenge Høgsfjord-ferja må gå. Erstatningsferja har plass til 76 bilar, medan Ullensvang har plass til 120.

Les også: – Dette er ikkje gjort på to dagar, i alle fallLes også: Maskinbrann i omstridd ferje

Innafor kontrakta

I kontrakten har Norled anledning til å setje inn reservefartøy med minst 65 bilar i 21 dagar kvart kalenderår. I verste fall blir det meste av denne kvoten oppbrukt allereie no.

Utåker ville ikkje tidlegare onsdag spekulere i kva som var årsaka til branntilløpet.

– Skjer dette fordi Ullensvang må køyre for full spikar for å halde ruta?

– Generelt er det slik at dess hardare ein må køyre utstyret, dess større er sannsynlegheita for at det oppstår feil. Men om det er dette som er årsak her veit vi ikke, sa ferjesjefen tidleg onsdag.

Les også: – Dette er ikkje gjort på to dagar, i alle fall

Leiar av samferdselsutvalet, Oddbjørn Vatne (V), legg ikkje skjul på at han er irritert over ferjetrøbbelet, og seier dei vil be reiarlaget på nytt vurdere om eit anna fartøy kan ta over B-ruta på sambandet.

  • Har du tips til oss om denne saka? Send sms/mms til 95 400 400, epost til 95400400@smp.no - eller bruk kommentarfeltet for å fortelje om dine erfaringar.