– No torde vi ikkje lenger, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

Han var sjølv tungt inne i vurderingane då kjempebøken fekk forlenga levetida si, hausten 2010. Då hadde det ryktast at det staslege tuntreet i nynorsktunet skulle fellast på kort varsel, og Sunnmørsposten skreiv om saka.

Berga

Dette førte til debatt og engasjement for bøken, noko som igjen førte til ei kompromissløysing som gjorde at han vart spart. Skogbruksrettleiar Roger Nedreklepp i kommunane Volda og Ørsta var mellom dei som engasjerte seg, både som fagmann og som flittig brukar av Aasen-tunet elles.

– Det bør borast ut ei kjerneprøve for å sjå om det er innrote i treet, insisterte han.

Følg smp.no på Facebook

Saka vart jamvel hastesak i styret for Nynorsk kultursentrum. Kompromisset kom i siste liten, og gjekk ut på at fagfolk skulle tupere deler av den mektige trekrona for å minke vindfanget i toppen. Dette vart gjort, og sidan har tuntreet kasta skugge over fire påfølgjande nynorske festspel, i positiv forstand.

Styresak

No har kjempebøken på nytt vore oppe som styresak, der fylkesmann Lodve Solholm har teke sete som ny styreleiar.

– Styret var heilt samd med oss som har ansvaret for den daglege drifta her. Med den auken som har vore i stormfrekvens siste åra kunne vi berre ikkje lenger ta sjansen.

– Bøken ville ha smadra stabburet om han fall den vegen. Sjølv ei stor grein hadde vore nok til å øydeleggje det einaste huset i tunet vi veit sikkert at Ivar Aasen sjølv var inne i, seier Øvereng.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Stabburet er bygd i grovt tømmer, og er oppført ein gong på 1700-talet. Det stod på ein litt annan stad i tunet den gong vesle Ivar stabba rundt der som smågut, og då også den gamle tunbjørka han har dikta så vakkert om enno var etter måten ung.

– Vedmodig

Også bjørka er no borte, men erstatta med eit klona eksemplar med nøyaktig same genane som den gamle.

– Var det trist då bøken fall?

– Litt vemodig er det når eit slikt landemerke må gje seg.

– På den andre sida ser vi no fjella mot Bondalen direkte frå kafeen. Her vart lyst og lett, og vi sparer oss årleg for raking av fleire kubikkmeter lauv, konstaterer Gaute Øvereng.