Einebustaden ligg i Markane i Stryn. Ifølgje politiet har tjuveriet truleg skjedd fredag morgon, litt etter klokka 09.00. Tjuveriet vart oppdaga i fredag ettermiddag.

Det var ikkje folk heime då det skjedde. Gjerningsmannen har knust eit vindauge på altanen for å komme seg inn i huset. Det er bortteke videokamera, pass, mobiltelefon og datautstyr.

Nabo til staden har sett ein mørk bil, eldre type, truleg stasjonsvogn ved huset i dag litt etter klokka 09.00. Bilen køyrde på riksveg 15.

Det er tidlegare på dagen meldt om tjuveri av kontantar og mobiltelefon frå ein ulåst bil i Stryn sentrum.

Politiet har sikra fotavtrykk frå begge stadane og disse ser ut til å vere like. I sentrum kunne det sjå ut som gjerningsmannen hadde gått frå eigendom til eigedom.

Politiet ønskjer tips på telefon 02800.