Ei jente i tidleg barneskulelalder vart natt til søndag funnen medan ho vandra gatelangs i Fosnavåg. Politiet opplyser at ho hadde på seg shorts, jakke og gummistøvlar då ho vart oppdaga åleine i sentrum litt etter klokka 01.

Ei kvinne tok hand om jenta, og varsla politiet - som fekk jenta heim. Mora var på besøk hos ein nabo, og hadde latt jenta vere einsam heime. Mora kom heim kort tid etter at politiet hadde brakt jenta heim.

- Det vert gitt ei melding frå politiet om saka til barnevernet, opplyser operasjonsleiar Per Åge Ferstad ved Sunnmøre politidistrikt.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Politiet påpeiker at dei sett pris på innsatsen til vedkommande som tok hand om jenta.