SØRE SUNNMØRE TINGRETT (Nærnett): Fredag formiddag la statsadvokat Jogeir Nogva og forsvarsadvokat Torgeir Langva fram sine prosedyrar i saka der ei kvinne i 20-åra er tiltalt for å ha medvirka til at ein person tok livet sitt.

Det vart også tatt opp spørsmål om oppreising.

– Dominerande rolle

Statsadvokat Nogva meiner at den tiltalte er skuldig og at ho har ei svært dominerande rolle i denne hendinga. Nogva la vekt på førebuingane den tiltalte hadde gjort for at den avdøde skulle komme til henne. Der skulle dei ta sjølvmord saman, ifølgje aktor.

– Dette kjem fram i SMS-utvekslingane mellom kvinna og mannen. Der har ho uttrykt at dette var noko ho ville, så lenge dei gjorde det saman, les Nogva opp frå papira sine.

Nok bevis for ein jury

Den tiltalte hadde også skrive 28 brev som kunne likne på avskjedsbrev. Kvinna hadde bestilt buss-billett slik at den avdøde kunne komme til henne så dei kunne gjennomføre dette. Ho var også den som fekk tak i det giftige stoffet som dei skulle bruke, hevda aktor.

– Sidan ho la giftstoffet tilgjengeleg for den avdøde, er ho skuldig i medverknad. Dette er nok bevis for at ein jury skal seie ja, meiner Nogva, og peikar på skuldspørsmålet.

Han avslutta prosedyren med at han ville ha ei straffeutmåling på samfunnsstraff i 120 dagar, der behandling skal gå inn som ein del av straffa.

Ikkje skuldig

Forsvarsadvokat Torgeir Langva var ikkje samd i påstanden til aktor, og meiner retten må frikjenne tiltalte for all skyld i medverknad til sjølvdrap.

Grunnen til at den tiltalte ville ha den avdøde heim til seg, var for å forsikre at han ikkje skulle ta livet sitt.

Han hadde ifølgje Langva sagt fleire gongar til henne at han snart skulle avslutte livet sitt. Dette ville ho hindre og følte ho hadde meir kontroll over situasjonen dersom dei var saman.

– Den tiltalte er veldig opptatt av å hjelpe andre og sidan den avdøde ikkje ville kontakte fosterforeldra, tok ho omsyn til dette, fortel Langva.

I SMS-utvekslinga har tiltalte lata som ho var med på planlegging av sjølvmord for at den avdøde skulle tru på henne og derfor ta bussen til henne, hevda forsvararen.

Ho frykta at han skulle avsløre henne, så ho prøvde å overtyde han så godt ho kunne.

Krev oppreising

Den avdøde sine føresette og hans biologiske mor krev no erstatning frå den tiltalte. Bistandsadvokaten til dei føresette, Trond Walmsnæss Wehn, og bistandsadvokaten til mora, Erik Faye Ree, er samde om at det fins nok bevis for at den tiltalte har medverka til sjølvdrap.

No krev dei 200.000 kroner kvar av den tiltalte.

Langva på si side hevdar at sidan dødsofferet og den biologiske mora ikkje har hatt kontakt dei siste 18 åra, og den biologiske mora godtok at den avdøde ikkje ville ha kontakt, kan ho ikkje krevje dette.

Sjølv om lova seier at det berre er biologiske foreldre og adoptivforeldre som kan få oppreisning, meiner fosterforeldra sin bistandsadvokat Wehn at denne saka er unik.

Det er venta at dom i saka fell om to veker.

Denne saka er eit samarbeid mellom smp.no og journalistutdanninga i Volda.