Mannen skal etter det smp.no kjenner til ha vorte funne kald og blodig langs vegen av ein forbipasserande laurdag føremiddag.

– Det vi veit så langt er at mannen har vore på ein privatfest i området, der han har vorte påført ein del skader. Vi er på staden for å snakke med dei involverte og finne ut kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Arild Reite ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no ved 12-tida.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Mannen er brakt til sjukehuset i Volda med ambulanse for behandling der. Politiet fekk melding om hendinga via AMK-sentralen for Møre og Romsdal.