Den tiltalte mannen (23), som har sete i varetekt sidan pågripinga i august, er tiltalt for overlagt drap ved særdeles skjerpa høve. Han er tiltalt for både drap og sidan brutal skjending, partering, av liket.

Tiltalebeslutninga vart onsdag 4. mars forkynt til tiltalte, melder Sunnmøre politidistrikt i ei pressemelding onsdag.

Hovudforhandlinga i Sunnmøre tingrett er sett opp måndag 16. mars til fredag 20. mars i Tinghuset i Ålesund. Tidspunkt for domsavsigelse er ikkje fastsett.

Knivdrap

Sami Milhem (20) vart funnen drepen morgonen fredag 8. august 2014 i ein kommunal bustad på Hareid. Han mangla fleire kroppsdelar og var generelt ille tilredt då han vart funnen. Obduksjonsrapporten viste at han døydde av forbløding, og drapsvåpenet, ein stor kniv, vart funnen i ein conteinar på Valderøya.

Den tiltalte 23-åringen erkjende raskt drapet og skal ha samarbeidd rimeleg bra med politiet. Han har vore i retten for knivangrep tidlegare, men vart ikkje dømt den gongen i Bodø. han har vore dømt for tjuveri, narko og promillekøyring. Han skal ha truga den drepne med kniv dagen før drapet.

Den 23 år gamle mannen frå Nordland vart først sikta for forsettleg drap, men politiet skjerpa i januar dette til overlagt drap.

Les alt om parteringsdrapet her

Var rusa

– Dette er ei dypt tragisk sak, og han har vanskeleg for å forstå korleis han kan ha gjort noko slikt, seier forsvararen, advokat Johnny Veum, til NTB onsdag.

23-åringen var rusa under drapet, men vil i retten fortelje det han kan hugse frå drapet, fortel forsvararen.

– Han erkjenner å ha begått drapet, og han erkjenner straffskud for forsettleg drap. Så er han usikker på om dette er skjedd med overlegg, og det vil han be retten vurdere, seier Veum.