Ørsta kommune ved Hjørundfjordheimen er tildelt Møre og Romsdal sin Arbeidsmiljøpris for 2015. Prisen vart delt ut under Arbeidsmiljøkonferansen i Molde  onsdag 4. mars.

Hjørundfjordheimen har fått prisen mellom anna fordi at dei tilsette dagleg praktiserer kommunen sine verdiar: tillit gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd; energi gjennom entusiasme, inkludering, humor og glede; løysingsvilje gjennom lagånd, tydelege mål og meinigsfylte oppgåver - og ikkje minst utvikling gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap.

– Dette har vore med på å gi dei det gode arbeidsmiljøet dei har, og med det auka kvalitet på tenestene dei tilbyr brukarane. I tillegg til den daglege innsatsen i frå kvar einskild tilsett, har ein på kommunenivå arbeidd intenst og målretta dei siste par åra for å få på plass gode system, strukturar og rutinar. Dette har igjen kome einingane til gode. Så prisen er både ein pris til Hjørundfjordheimen som eining og til Ørsta kommune som organisasjon, skriv kommunen i ei pressemelding.

Fridom under ansvar

Hjørundfjordheimen har over tid lagt stor vekt på trivsel og at alle tek del. Tydeleg leiing som viser veg og samstundes gjev personalet fridom under ansvar, gjer at dei tilsette veks som arbeidstakarar, hevdar dei sjølve.

– Medarbeidarane har eit eigarforhold til arbeidet sitt, som gjer at dei strekkjer seg litt ekstra. Dei viser stor grad av løysingsvilje, og det er kultur for å sjå moglegheiter i staden for avgrensingar, melder institusjonen.

Prisen vert utdelt som ei oppmuntring til ein kommune eller fylkeskommune, offentleg eigd institusjon, arbeidsplass eller enkeltperson som har utmerka seg med å leggje til rette for eit godt arbeidsmiljø.

Personalpolitikk

Prisvinnaren er vurdert ut i frå fleire kriterium, mellom anna arbeidsmiljøtiltak som har vist å ha positiv effekt, personalpolitiske retningsliner som er omsett til praktisk handling og god samhandling mellom arbeidsgivar og tilsette.

Prisutdelar var regiondirektør i KS, Gunnar Bendixen. Arbeidsmiljøkonferansen er arrangert i regi av KS, Fagforbundet og Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal.