Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og samferdselssjef Arild Fuglseth tilrådde at dagens ferjestrekning vert oppretthalden slik det er per i dag. Dei kunne vanskeleg sjå for seg at fylkeskommunen kan ta investeringskostnader på 70-90 millionar kroner dei næraste 10 åra.

Les også: Støttar ny ferjestrekning

Men i møtet i går sette Petter Bjørdal (Ap) fram eit forslag om flytting på vegner av seg sjølv, Hege Gagnat (Ap), Lilly Gunn Nyheim (Ap), Iver Nordseth (V), Oddbjørn Vatne (Sp) og Bjarne Kvalsvik (uavhengig).

Det vart røysta alternativt mellom forslaget frå administrasjonen og forslaget frå Petter Bjørdal.Resultatet vart at forslaget frå Petter Bjørdal fekk sju røyster og vart vedteke, medan forslaget frå administrasjonen fekk fire røyster og fall.

I forslaget frå Petter Bjørdal er det med eit punkt om at planarbeidet må startast opp så snart prosjektet kan prioriterast i investeringsprogrammet.

Ved å flytte ferjeleiet frå Vikeneset i Volda sentrum til Mork/Eikrem, vil overfartstida verte omtrent halvert.