- Siste to åra har det vore komplett umogleg å selje tomter. Etter oljeprisen begynte å dette, har det vore heilt stilt, seier Asgeir Standal, medeigar og styreleiar i Standal Alpesenter AS.

Søre Sunnmøre tingrett har etter oppbod opna konkurs i Standal Alpesenter AS og Standal Alpesenter Drift AS. Ifølgje Asgeir Standal er gjelda i selskapa på rundt ti millionar kroner totalt.

Har selt halvparten

Konkursen rammar tomteselskapet og selskapet som driftar vatn og kloakk. Men Standal understrekar at Alpehytta Standal AS ikkje er ramma. Dette selskapet driv serveringsstad og utleige av hytter.

Hyttesatsinga på Standaleidet omfattar totalt 101 tomter, men i første omgang er om lag 70 tomter lagde ut for sal. Halvparten av dei er selde, og ein del av dei er det også bygd hytter på. Men siste tida har det vore stillstand i tomtesalet.

- Vi har halde på i sju-åtte år no, og det har gått for seint å selje, seier Standal.

Sterk konkurranse

Han trekkjer fram den sterke konkurransen på hyttetomter i området, både frå Bjorli, Stryn, Hornindal, Harpefossen og Stranda.

- Siste to åra har det vore vanskeleg å selje. Det er veldig stor konkurranse på fritidsbustader. Og vi ser oss ikkje syn med å klare gjelda, seier Standal som står bak utbygginga saman med Asbjørn Ellingsen, Magnar Enerhaug og Aage Aarset.

Asgeir Standal håpar no at prosjektet dei har starta blir vidareført i ei eller anna form, anten av dei gamle eigarane eller andre.

- Standaleidet er eit fantastisk flott område og heilt klart eit kjempeområde for fjellfolk. Spesielt er det flott for den nye generasjonen som likar toppturar. Då er Standaleidet det fremste vi har på Sunnmøre, seier Standal.

Bustyrar

Advokat Hege Heian Notøy er oppnemnd som bustyrar for dei to konkursramma selskapa.

- Det er for tidleg å seie noko om dette, for eg har nettopp fått papira. Eg kan difor ikkje kommentere innhaldet ut over det at det er oppbod, seier Notøy.

Gjelda i selskapet vil først bli klar etter at fordringsfristen er ute. Men etter det Notøy så langt har fått opplyst, er gjelda i alpesenteret på 5,7 millionar kroner og 7,1 millionar kroner i driftsselskapet.