Det viser ein oversikt frå Review Pro, som samanliknar sju større hotell i regionen.

Review Pro baserer seg på tilbakemeldingar frå hotellgjestene. Så langt i år er hotellet i Fosnavåg i ein klasse for seg sjølv.

Det er hotelldirektør Gunther Dahler sjølvsagt nøgd med.

Gjenkjøp

– Dette viser igjen også på gjenkjøp. Av dei som har lagt kurs eller konferanse til hotellet, ser vi gjenkjøp hos sju av ti. Dette er høgare enn det som er normen i bransjen, ifølgje hotelldirektøren.

Også blant alle Thon-hotella i landet kjem hotellet i Fosnavåg best ut på tilbakemeldingane frå gjestene, ifølgje Review Pro.

Bestillingar

For heile første halvår ligg bestillingane no omtrent akkurat på budsjettet, det vil seie rundt 50 prosent belegg, viser statistikken.

– Og vi har heller ikkje sett ein nedgang i snittprisen etter at vi kom inn i marknaden, understrekar Dahler.

Synergi

I tillegg kan hotellet ha forteneste på dei som kjem på konsert eller er på kurs. Onsdag denne veka var det 12–1300 menneske innom: To fulle konsertsalar, kino, fullt kurs på simulatorsenteret, og mange i restauranten.

– Det gjekk fint å avvikle. Og det gjekk 13 kaker, 260 kakestykke. Det tener hotellet på, seier Dahler.