– Når denne mulegheita kom, så kunne ikkje Ørsta stå utanfor, slår senterleiar Peder Lid i Amfi Ørsta fast.

Og dei står ikkje åleine:

Ulsteinvik, Nordfjordeid, Sogndal, Florø, Førde, og nokre senter lenger sør har valt nynorsk på sine nettsider.

– Vi har sendt ut mange sterke signal til leiinga ei stund.

– Og det praktiske?

– Det har skjedd ganske fort. Eg har ikkje hørt at det har vore eit problem, seier Lid.

Det er ikkje berre dei Thon-eigde kjøpesentra som vurderer nynorsk. Også fem hotell i Thon-kjeden kan vere interessert i det same. Her er det muligens eit større praktisk problem, fordi ein må ta omsyn til søkemotorar. Sjå også: Thon Hotell Fosnavåg vurderer nynorsk