Den planlagde fusjonen mellom reiselivselskapa på Sunnmøre og i Nordfjord står i fare etter at Stryn-hotell har sett foten ned, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Målet har vore eit felles selskap beståande av Reisemål Stryn & Nordfjord, Destinasjon Geirangerfjord-Trollstigen og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.

Men no har Alexandra Hotel i Stryn sett foten ned og ber kommunen gjere det same.

– Vi støttar Nordfjord-tankegongen. Vi er nordfjordingar, vi er opptekne av lokal verdiskapning og lokalt eigarskap må ligge i botnen. Vi ønsker å halde fram den vegen, seier hotelldirektør Richard Grov til kanalen.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Også Vågsøy har fått kalde føter og har trekt seg frå samarbeidet, medan Hornindal er avventande.

Generalforsamlinga skal ta stilling til saka om 14 dagar. Eid-ordførar Alfred Bjørlo vil snakke med næringslivet før saka skal opp. Han meiner reaksjonen frå Stryn-hotellet sett prosjektet i ein vanskeleg situasjon.

Trur du regionen er tent med eit felles reiselivsselskap? Bruk kommentarfeltet!