Etter å ha sjekka vêrmeldinga tok tre karar seg opp på Bondalseidet for å fly heile vegen heim til Hareid-landet onsdag. Medan Leif Gunnar Brandal og Robert Haugen valde å flyge heile vegen, landa Luis Fonseca på Vartdal.

Vikebladet omtalte saka først.

– Ein vert veldig opptatt av vêret når ein er paraglidar, fortel Leif Gunnar Brandal.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

– Vi hadde sett at det var gode meldingar, men då vi kom til Bondalseidet så det ut til at heile turen kom til å blåse bort. Det fauk snø frå toppane, fortel Brandal.

Men vêret snudde og turen frå Bondalseidet og heile vegen heim att til Hareidlandet kunne gjennomførast som planlagt.

Oppdrift

Det er fleire grunner til at dei valde å starte frå Bondalseidet. Ein er at det er sett opp ein luftsportsboks der som gjer at paragliderane får lov til å flyge høgare, heilt opp i 1667 meters høgde. Onsdag stogga flygarane tre meter under det som er tillate, på 1664 meter.

Ein grunn til at dei valde Bondaleseidet er oppdrift.

– At vi valde Bondalseidet til denne turen har også å gjere med termikken. Berre fjordar og snøkledde toppar gjer god oppdrift, forklarar Brandal.

Ein draum

Å flyge over fjorden mot Hareid har vore ein draum for Brandal og Haugen, og i dag stemde endeleg alt som skulle til for å gjennomføre draumen.

– Dette er ein av dei turane eg setter høgst, seier Haugen som har drive på med sporten sidan 1997.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

– Dagen i dag, det var så klar luft, himmelen var blå og fjella var kvite. Det var så sterke kontrastar. Det var ein veldig stor oppleving å flyge langs tindene med dei blå fjordane under. Vi var litt lågt og litt høgt, og vi flaug mellom Sunnmørsalpane og landa nede i fjøra, fortel Haugen om turen.

– Vi så folk som gjekk topptur, og vi flaug forbi saman med fuglane medan vi vinka til dei.

Tryggleik

Det er openbart at vêret har mykje å sei når ein skal fly ein slik distanse. Derfor har karane radiokommunikasjon slik at dei kan ta avgjersle undervegs.

– Då vi kryssa bort i mot Vartdal kjente at vi hadde medvind, og gode moglegheiter til å krysse over til Hareidlandet. Det er ikkje slik at man kan setje seg ned dagen føre og planleggje heile turen, ein må nesten følgje med på vêret og forholda, seier Brandal.

Men er ein slik tur forsvarleg?

– Ja, det er det absolutt, men ein må ha erfaring. I dag hadde me god høgde der me trengde det, og vi hadde fine forhold. Dette var ein god og trygg tur, seier Brandal og legg til:

– Eg er småbarnsfar og har ikkje lyst til å døy. Paragliding er temmeleg trygt.

Anbefalt hobby

Men båe to er klar på at dette ikkje er ein tur for nybegynnarar. Det krevst mykje opplæring før ei får sertifikat slik at ein kan ta fatt på slike turar, og ikkje før ein har sertifiseringa PP5 kan ein kaste seg ut på ein svevetur som denne.

Men dei vil likevel anbefale dette som ein hobby.

– Ja, dette er ein hobby eg kan anbefale til alle som liker vakker natur, gåturar og å utfordre naturkreftene, og ikkje minst til dei som er glad i å gå på toppturar, men ikkje er like glad i gå ned igjen, seier Haugen.

Her er ruta paraglidarane følgde. Loggen deire viser at turen var på meir enn fem mil.