Søre Sunnmøre tingrett har dømt ein mann i 30-åra for vald mot sambuaren i ein periode på to år.

I dommen går det fram at paret hadde det vanskeleg ei tid etter at dei kom til Norge for å jobbe. Men forholdet skal no vere bra, og paret har planar om å gifte seg. Kvinna ønskjer difor at den komande ektemannen hennar ikkje blir straffa.

Slått og sparka

Men tingretten er usamd. Straffansvar for familievald byggjer på allmenne omsyn og ikkje på fornærma sine personlege haldningar.

I retten har både fornærma og vitne forklart seg uklart om det tiltalen handlar om. I politiforklaringane kjem det derimot fram at kvinna skal ha blitt slått i ansiktet, hovudet og på kroppen. Ho skal også ha blitt sparka av tiltalte.

Det er etter retten sitt syn naturleg at fornærma og vitne føler det vanskeleg å vitne mot tiltalte. Difor festar retten lit til politiforklaringar gitt kort tid etter valdsepisodar og ikkje det som er forklart i retten.

- Retten har ei klar oppfatning av at politiforklaringane er meir truverdige, fullstendige og dekkande, heiter det i dommen.

Tiltalte nektar for skuldingane. Han vedgår å ha skubba kvinna, men ikkje at han har slått henne.

Samfunnsproblem

Retten peikar på at vald i nære relasjonar er eit alvorleg samfunnsproblem.

I denne saka er det ikkje snakk om grov vald, men fleire av handlingane hadde eit stort skadepotensial, ifølgje dommen.

Retten finn det straffeskjerpande at valden skjedde i partane sin felles heim. Heimen er ein stad der alle skal føle seg trygge.