XSkate-konkurransen i Volda skatepark fredag kveld er ny-pløyd mark i X2-Festivalen. Aldri før har bygda hatt eit fullskala skateanlegg, og knapt nokon gong har forholda vore betre enn under den aller første konkurransen i denne smeltedigelen for spenst, meistring, balanse, og sosialt samhald.

Over: Sjå stor bildeserie frå konkurransen

Oppvarming

Snart ferdig utdanna lærar og volding Anders Lundberg har funne att sin barndoms aktivitet på brett og hjul, og han har funne stor glede i den nye arenaen.

– Ja, her samlast vi når som helst, og utanom alle slags regulerte treningstider.

– Ein av mine beste kompisar i sporten er faktisk ein treningsvillig og talentfull kar som eg er meir enn dobbelt så gamal som, illustrerer Lundberg. Han siktar til tolvåringen Mikael Westbø, som han tek ein oppvarmingsrunde i bingen (bowlen) med til demonstrasjon for Sunnmørsposten.

På like fot

– Her er vi på like fot uansett alder, og her er plass for alle typar ambisjonar og dugleikar. Det er dette som gjer eit slikt anlegg så unikt.

– Det er berre å rose kommunen, sponsorane og ikkje minst dei utrøyttelege eldsjelene som har gjort dette anlegget muleg, seier Anders Lundberg. Han syntest nesten han måtte melde seg på i konkurranseklassen, på heimebane som han er.

– Men mest for å drage ned nivået litt, så einkvan kan få vinne, fleipar han, rett før det blir seriøs oppvarming og litt meir alvor i leiken.

Leik og stil

Og leiken her, den er det moldensaren Magnus Mongstad som styrer. Også han lærarstudent i Volda og høgst habil skateutøvar, men frå eit miljø som ikkje har dei fasilitetane som Volda no kan by på.

– Her har bygda verkeleg fått noko å vere stolt over. Eg ser at bruken av anlegget aukar jamt og trutt, seier leiksjefen. Denne kvelden er han hjelpedommar for Oskar Hansen Garrod, som med skarpt blikk skal plukke ut vinnarane.

– Det er dei som er mest leikne, kreative og stilfulle i si gjennomføring på brettet, forklarer Magnus Mongstad.

Les også: Skredfare og dårlig sikt utsetter X2-konkurranser

Klimadebatt: Frykter evig snømangelLes også: Luringen som lurte X2 (krever abonnement)

<strong>Kompisar:</strong> Trass ein aldersskilnad på 14 år: Anders Lundberg (nærast) og Mikael Westbø er faste treningskameratar i Volda skatepark. Her varmar tolvåringen og 27-åringen opp til den første offisielle skatekonkurransen på heimebane.
<strong>Sjefen:</strong> Magnus Mongstad er sjølv ein sjonglør på brett. Fredag var han arrangør og dommar.
<strong>Heime:</strong> Adrian Garshol (24) er bergensar med foreldre frå Volda. – Eg måtte berre stille opp og teste brettet ein slik dag. Men konkurransen har eg ikkje tid til, eg må på jobb, fortel Garshol med Rotsethornet bak.