Sauebonde Einar Lyngnes Dale (51) på Lyngneset  i Dalsfjorden i Volda oppdaga sist søndag ettermiddag eit stort brunt dyr fastvasa i sauegjerdet mot utmarka. Eit dyr mange gonger så stort som dei største sauene på garden.

Då han nærma seg, såg at det var ein velvaksen hjort som stod fast etter bakbeina.

Basketak

- Eg vart i villreie om tilstanden til hjorten, med det var ikkje tvil om at det var liv i han. Eg fann fort ut at eg måtte prøve hjelpe han laus. Det vart litt av eit basketak, ettersom hjorten vart redd og gjorde kraftig motstand, fortel Lyngnes Dale.

Til sist fekk han hjorten laus, berre for å oppleve at det store dyret sprang mot det same sauegjeredet - og vart fast på nytt!

Litt redd

- Sjølv om eg var litt redd for å få ei kvass hjorteklauv i hovudet, tok eg ein ny runde med hjorten - og fekk løyst han på nytt.

Men no var han etter kvart så utmatta at han la seg rett ned og vart liggjande, fortel Dale. Han hadde ikkje stort meir krefter att sjølv heller...

Slakt

Dermed vart bonden i villreie på nytt. Hjorten låg der framleis då ein time var gått. Etter ein runde med både politiet og viltnemnda, vart ein granne av Lyngnes Dale, som sjølv er jeger og bonde, bedd om å avlive hjorten.

Slik vart det, og slaktet heng framleis på bruket til Lyngnes Dale.

- Det var trist at det skulle ende slik. Etter nærkampen med dette store dyret, var eg aldri i tankar om at hjorten ikkje også skulle ha krefter til å kome seg til skogs att.

Neppe mat

- Eg tvilar dessutan på om kjøtet har nokon verdi som menneskemat, etter ein slik strabasiøs omgang fast i eit gjerde. Ikkje veit eg nøyaktig kor lenge hjorten kan ha stått fast heller, seier Einar Lyngnes Dale til smp.no.

Han trur elles ikkje det var noko gale med gjerdet, ei standard grovmauska sauenot.

- Eg trur hjorten berre var uheldig, konkluderer småbrukaren på Lyngneset i Dalsfjorden.

Gjer som meir enn 22.000 andre, følg Smp.no på Facebook

Einar Lyngnes Dale. Foto: Knut Arne Aarset