Reiarlaget Norled har denne veka sett inn ferja Høgsfjord i A-ruta mellom Hareid og Sulesund.

Det betyr forseinkingar og fleire attståande bilar - og frustrasjon mellom dei reisande på sambandet som det har vore mykje bråk om det siste året.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Årleg service

Årsaka til at reserveferja er sett inn, er at MF Tidefjord er på årleg service. Det fekk bilistane vite tidleg mandag morgon via ei melding på heimesidene til reiarlag. Den sa ingenting om kor lenge opphaldet på verkstaden er venta å vare.

Ferjesjef i reiarlaget, Inge André Utåker, opplyser til smp.no at Tidefjord etter planen skal  tilbake i A-ruta på fredag, men han tør ikkje love det 100 prosent sikkert.

Ikkje misnøgd

Men ikkje alle er misnøgde.

– Eg synast at det stort sett går veldig greitt, svarar Thomas Øvrebø då Sunnmørsposten spør korleis det er å vere yrkessjåfør på sambandet.

Han køyrer laks for Marine Harvest og har vore på ruta sidan januar.  Men det skal seiast at han som oftast køyrer utom dei mest trafikkerte tidspunkta.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Då han kom på kaia på Hareid-sida måndag, hadde han sett seg føre å rekke 16-avgangen: – Eg såg raskt at det kunne eg berre drøyme om, seier han.

Måtte stå over

På same vis som ein yrkeskollega i bilen ved sida av, vart Øvrebø vart ståande over ein tur. Kollegaen er ikkje like mild i dommen over sambandet, men ønskjer ikkje namnet i avisa.

– I dag stod eg i fjerde fila og skulle i teorien vere med, men det gjekk ikkje. Det er veldig frustrerande, seier sjåføren som nyttar sambandet dagleg.

Ullensvang-skipparen: – Ei dame i sin beste alderLes også: Politikarar rasar mot ferjemangelNorled: – Dette er urimeleg

– Korleis meiner du forholda er når Ullensvang og Tidefjord går i ruta saman?

– Det går greitt, men det gjekk betre før Ullensvang kom, svarar han.

Fleire bilistar smp.no snakka med måndag, meiner noko av det største problemet med reserveferja Høgsfjord er korleis den er utforma - og at den fleire stader er smal – ikkje minst med rampa på eine sida.

Tek færre bilar

Men stadige forseinkingar gjer det óg vanskeleg å planlegge. Høgsfjord tek 76 bilar, medan den «vanlege» Tidefjord får 120 bilar om bord.

Ved det som skulle ha vore 16.30-avgangen til Høgsfjord måndag, stod kring 30 personbilar og sju større køyretøy att på kaia, då ferja kasta loss klokka 16.47.

Tidlegare på Sula-sida var 15-avgangen kring 20 minutt forseinka, og la frå kai rett før Ullensvang kom for å ta om bord bilar til 15.30-avgangen.

Det som skulle vere 16.30-avgangen for Høgsfjord la til kai klokka 16.36. 11 minutter seinare gjekk ferja, medan kring 30 personbilar og sju større køyretøy sto att på kaia. Foto: Marius Rosbach