Utfordringane ser ikkje ut til å ha nokon ende for trafikantane på sambandet Hareid-Sulesund. Tysdag måtte bilistane rygge både om bord og på land då MF Ullensvang fekk tekniske problem.

Ein tipsar fortel at det baud på diverse problem for både vogntog og folk med hengar som skulle ta seg om bord på den tungvinne måten.

Hydraulikk-krøll

Ifølgje ei melding på heimesidene til reiarlaget Norled lagt ut klokka 13.32, har B-ruta redusert kapasitet tysdag ettermiddag på grunn av tekniske problem.

Det kan ferjesjef Inge André Utåker i reiarlaget bekrefte: – Det er problem med hydraulikken med løftebaugen på den eine sida av båten. Det betyr at ein berre kan ta bilane av og på ferja via den ene enden inntil dette er fiksa, fortel han.

Ved 15.45-tida kunne han ikkje anslå noko tidspunkt for når feilen ville vere reparert.

Mange attståande bilar

Frustrasjonen til dei reisande på sambandet er høg frå før, og denne veka er den mindre ferja Høgsfjord sett inn i A-ruta saman med Ullensvang. Det gir forseinkingar og fleire attståande bilar på kaia. Årsaka er at Tidefjord er på årleg service.

Då det som skulle vere 15-avgangen til Ullensvang la frå kai ved 15.15-tida sto det kring 60 bilar att på kaia. Ved neste avgang, hadde talet på attståande bilar stege til kring 75.

Ferjesjef Utåker fortel at dei ikkje har noko anna ferje å sette inn om problema held fram.

MF Ullensvang har hatt fleire avbrott den siste tida, og i slutten av mars vart ferja liggjande ute i fjorden med eine baugporten ope.

Eit vogntog må rygge ut av ferja på Hareid. Foto: Marius Rosbach
Foto: Smp.no-tipsar / mms 95 400 400