Klokka 09 stod det bilar opp på bakketoppen på Sulesund då reserveferja Høgsfjord la frå kai. Det fortel ein som sjølv stod i køen.

Det verkar som det ikkje er muleg å fylle opp ferja og samtidig halde ruta.

– Høgsfjord brukte ikkje eine sidedekket. Det stod mange personbilar i køen som kunne køyrt opp på sidedekket, seier tipsaren, som ber om å vere anonym

– Det verkar som at dei prioriterer å gå presis, seier han.

Den andre gamle ferja i sambandet, Ullensvang, held ikkje ruta onsdag føremiddag, og legg frå kai nokre minutt forseinka kvar gong, viser oversikten på ais.

Taper pengar

Jan Louis Oldeide, som eig og driv Hjørungavåg Transport, seier til Vikebladet.no at han taper mykje pengar på ferjetrøbbelet. Først vart «Tidesund» erstatta med den mindre effektive ferja «Ullensvang» frå nyttår, og denne veka er «Tidefjord» på service og er erstatta av «Høgsfjord». Tysdag ettermiddag stod det kø heilt opp i Strandgata på Hareid, etter at alle felta var opptekne.

– Eg har oppmoda både Oldeide og Lastebileigarforbundet om å skrive til Fylkeskommunen, seier Hareid-ordførar Anders Riise til Smp.no.

– Dei kan ikkje lenger stole på fylkeskommunen, og dei kan ikkje stole på Norled lenger, meiner Riise.

Les også: Må rygge av og på omstridd ferje

Gjengrodd

Som i januar går erstatningsferja Høgsfjord litt for sakte for dette sambandet, i alle fall på enkelte avgangar.

– Vi jobbar med tiltak for å få opp farten på ferja, sa regionssjef for ferjer, Inge Andre Utåker, til Smp.no i januar. Han sa at reingjering av botnen ville vere første tiltak.

No i april seier han at ferja har same problemet.

– Høgsfjord er dårleg i botnen og må reingjerast. Det har heile tida vore meininga å gjere dette som ein del av det årlege vedlikehaldet. Dette blir gjort enten i neste veke eller i mai, seier regionssjefen.

Realistisk

– Det er krav til kor mange bilar ferja skal ta, og at den skal halde ruta, seier Utåker vidare.

– Men dersom det er ikkje er realistisk både å fylle opp ferja og halde ruta?

– Det har vi ikkje diskutert, korleis ein skal handtere det. Det er rett at det på nokre ruter har blitt prioritert å halde ruta framfor å fylle opp ferja. Men eg er ikkje overbevist om at dette er eit generelt problem, seier regionssjefen for ferjer.