- Når vi likevel ikkje fekk eit nybygg, så er flytårnet vårt slik det framstår no eit svært godt alternativ. Nytt teknisk utstyr gjev betre flysikkerheit enn nokon gong, vurederer operativ leiar i tårnet, Steinar Vatne. Flyplassen her er av dei svært få kortbaneflyplassane i landet det Avinor investerer for tida.

Veteran

Vatne har jobba her som AFIS- fullmektig i heile 36 og skulle vite kva han snakkar om. - Ikkje berre borgar nytt utstyr i fleire kategoriar for best muleg sikkerheit. Oppgraderinga av tårnet sikrar også svært gode arbeidsforhold for oss som skal kontrollere flytrafikken, stadfestar Vatne.

Stille sone

Mellom anna har lydisolering og utskifting av vindauge og dører redusert flystøyen utanfrå med om lag 40 prosent. Alle instrument er dublerte, slik at to personar kan operere parallelt, eller eventuelt forflytte seg frå eine sida av tårnet til den andre, ettersom kva retning flya kjem inn.

Topp pilotar

Steinar Vatne veit godt at flyplassen på Hovden ikkje har ei ideell plassring, med fjell tett innpå på fleire kantar og dermed turbulens og tronge forhold.

- Det går likevel svært bra, med ein regularitet på over 97 prosent. Dette er mykje takka vere vedas flinkaste pilotar - i verdas beste fly, rosar Steinar Vatne.