Renovasjonsselskapet Reno Norden etablerer seg på Nordfjordeid.

Avdelinga har tolv tilsette og flyttar frå Sandane til Nordfjordeid når Eid industrihus sitt nye næringsbygg i Langeland næringspark står ferdig på nyåret 2016.

– Dette er ei svært gledeleg nyetablering på Eid, som syner kor viktig der er å ha tilgjengeleg næringsareal og ein aktiv kommunal politikk for næringsutvikling der ein kan snu seg raskt rundt etter næringslivet sine behov, seier dagleg leiar Svein Otto Melheim i Eid Industrihus KF og Eid-ordførar Alfred Bjørlo i ei pressemelding.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Eid Industrihus KF er Eid kommune sitt foretak som skal legge til rette for ny næringsaktivitet. Dei reiser no eit nytt bygg på cirka 300 m² like ved Eid sentrum.

Reno Norden har kontrakt med det interkommunale selskapet Nordfjord Miljøverk (NoMil) om innsamling av avfall i Nordfjord.