Etter at den norske staten frå i år har kutta all støtte til selfangst, var Havsel den einaste som gjekk i fangst i år.

Skipper Bjørne Kvernmo har 40 turar i isen bak seg. Men dette var den første heilt utan lønsemd.

– Det er umuleg å tene pengar på selfangst når statsstøtta fell bort, dessverre, seier Kvernmo.

– Når også fangstforholda er vanskelege, blir det ikkje noko betre, seier han.

Havsel kom frå Vesterisen via Island, og fekk full storm. Eit utslite mannskap var letta då dei endeleg kunne stige på land på sunnmørsk jord i Herøy fredag ettermiddag. Der stod Arnfinn Karlsen ved Polargodt med heile sitt hoff klar til å ta imot. Sjå også video.

Fangsten vart på rundt 2.000 dyr. Det er under halvparten av fjorårets fangst for Havsel, som også i sin heilskap vart kjøpt av Polargodt og Karlsen.

Ein av mannskapet har så vidt kome seg av sjøsjuka etter overfarten heim.

Han og fleire andre av mannskapet stadfester at det nok vert ingen lott på mannskapet etter den strabasiøse turen.

– Ein får berre sjå på dette som ein fin tur og leike turist. Heldigvis er eg pensjonist, så eg taper ikkje direkte pengar på turen, smiler finnmarkingen Bergtor Opsett.

Selfangstskuta Havsel av Alta leverer heile fangsten til Arnfinn Karlsen i Polargodt AS i Tjørvåg. Foto: Knut Arne Aarset
Bergodd Opsett har vore sjøsjuk og får heller ingen hyre. Han må nøye seg med kost og losji undervegs. Foto: Knut Arne Aarset
Havsel lossar sel i Tjørvåg. Foto: Knut Arne Aarset