Det kom fram under ei pressekonferanse med leiar Aksel Hauge i Ulstein historielag fredag.

– Sambygdingar har teke til orde for at vi skal heidre han her i kommunen ved å sette opp ei byste, seier Hauge.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Krigsinnsats og forfattarskap

Det vert ei byste i bronse som skal vise den no 95 år gamle Ulstein i «moden alder», ifølgje Hauge.

Ragnar Ulstein vert heidra både for sin innsats som heltemodig einskildmenneske som medlem av Kompani Linge under Andre verdskrig, og sitt omfattande forfattarskap etter krigen.

– Seinare var han óg sentral i arbeidet med å få på plass krigspensjon, påpeiker Hauge.

Reagerte positivt

Ragnar Ulstein sjølv reagerte positivt på planane, då han vart informert tidlegare i veka.

Det er peika ut ei nemnd som skal stå føre finansiering, avtale med kunstnar og framlegg til plassering. Nemnda består av: Aksel Hauge, Heidi Myklebust (nestleiar), Kjell Garnes, Svein Eiksund, Ottar Kaldhol og kulturleiar Leif Ringstad i Ulstein kommune.

– Det vil vere ei sers fortent heider, og eit synleg prov som skal minne ettertida om kor verdifull gans utrettelige innsats for forfattar er, der han dokumenterer einskildmenneske, og ikkje minst kvardagsheltane sin avgjerande innsats under siste verdskrigen, heiter det i pressemeldinga.

Les intervju: – Vi må vere vakne i vår samtid (krever abonnement)

Saman med Joachim Rønneberg og 18 andre veteranar vart Ulstein nyleg heidra for krigsinnsatsen under frigjøringsdagen i Oslo.

Ikkje kronerulling

Nemnda har vore i uforpliktande kontakt med ein kunstnar, og har eit anslag om kostnadane. Det vil dei ikkje seie meir om førebels.

Dei håpar at ei byste kan vere på plass i løpet av neste år.

Hauge fortel at det ikkje vert tradisjonell kronerulling for å få inn pengane som trengs, men at dei jobbar med støtte på anna vis. Truleg får også kommunen ein førespurnad om å gi eit bidrag.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Ragnar Ulstein har forfatta rundt 20 romanar, lokalhistoriske bøker og bøker om norsk krigsdeltaking, om mellom anna englandsfarten og etterretningstenesta i Norge under andre verdskrig. Foto: Staale Wattø