Frå i dag torsdag 21. mai er den felles barnevernstenesta for Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta offisielt i gang.

Tenesta er lokalisert med felles kontor på nye  Volda rådhus, og legg beslag på nesten heile andre høgda i rådhuset.

Alt nytt

Formelt vart barnevernstenesta slått saman frå 1. januar 2014, men i praksis kunne dei første kontorplassane på nytt rådhus  i Volda takast i bruk først i april i år. No er derimot alle på plass, det vil seie folk i heile 35 moderne einskildkontor. I tillegg kjem mange møterom og felleslokale.

I utgangspunktet ville fleirtalet av dei tilsette ha kontorstad i Furene, men det vart Volda sentrum.

Stor dag

– Dette er ein stor dag for alle som har vore med i prosessen undervegs. Ein prosess som har vore prega av stor vilje og svært godt samarbeidsklima, sa ordførar Arild Iversen.

Han fekk æra av å stå for den offisielle opninga. Det gjorde han med å dele ut ein stubb nasjonalsløyfe til representantar frå alle dei fire samarbeidskommunane.

– I staden for  å klippe av ei snor, ligg det sterk symbolikk i å heller knyte saman fleire snorer, forklarte Iversen.

Kompetanse

Barnevernsjef Brynhild Solvang har stor tru på arbeid i eit større fagleg felleskap.

– På den måten får vi gjort ein best muleg jobb for dei vi alle er tilsette for: Born i vanskar. Og foreldra, søsken og andre slektningar. Til dette skal vi no vere betre rusta enn nokon gong før, lova Solvang.

Det beste

Solvang la likevel ikkje skjul på at det er ein krevjande prosess å slå saman fleire mindre fagmiljø til eitt stort. Og i tillegg til det nye persongalleriet med 30 faste stillingar, er det like mange tilsette som sorterer under bufellesskapa og dei utegåande oppfølgingstenestene. Altså ein samla stab på over 60 personar.

– Prossesen har vore god. Svært mange ser oss og tenkjer på oss kvar dag. Dei vil barnevernstenesta det aller beste, opplever Brynhild Solvang.

Rådmann Rune Sjurgard i Volda er øvste leiar for barnevernstensta. Han feira opninga med å spele toraderval om samhandling. Foto: Knut Arne Aarset