Reisande fortel om lange køar på ferjesambandet mellom Hareid og Sulesund fredag.
På Sulesund-sida stod det mellom klokka 16 og 17 bilar heilt opp forbi toppen av bakken fortel Odd M. Våge til smp.no. Også tidleg på kvelden fekk smp.no tips frå bilistar som fortel om attståande bilar.
Sambandet har hatt redusert kapasitet denne veka, fordi den mindre MF Høgsfjord har vore sett inn som reserveferje. Frå laurdag morgon er det håp om betring når MF Ullensvang er tilbake etter årleg vedlikehald.
Store forseinkingar Sulesund - Hareid
Tester lysregulering på Hareid-Sulesund
Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook
Både Høgsfjord og MF Tidefjord såg ifølgje AIS-dataene ut til å halde rutene temmeleg bra, men også ved 17-avgangen frå Sula-sida måtte Tidefjord la det stå att bilar.
Tilbyr «venteball» i ferjekø
Smp.no fekk ikkje svar hos ferjeansvarleg i Norled fredag ettermiddag.