Dei nye eigarane av Stryn sommarskisenter har fått ein trå start på drifta. Manglande brøyting sette ein effektiv stoppar for opninga i pinsehelga, men no har dei tatt spaden i eigne hender.

Natt til søndag brøytte dei opp vegen sjølve.

– Vi har no sett oss så leie på at vegen ikkje vart opna, av vi tok i bruk trakkemaskinene og brøytte det som stod igjen, seier dagleg leiar Idar Aaboen til NRK.

Til smp.no seier Idar Aaboen at Statens vegvesen no er i gang med å brøyte parkeringsplassen til skisenteret, men han vil ikkje ut med når dei har planar om å opne for sesongen.

– At parkeringsplassen no vert brøyta seier noko om kor nært opninga kan vere, seier Aaboen.

Facebook-sidene til senteret reagerte mange entusiastar på at skistaden igjen opplever uro kring ei sesongopning.

– Bør starte tidlegare

No vil óg ordførar Sven Flo i Stryn ha ei forklaring på kvifor brøytemannskapa før helga stansa om lag 50 meter frå brua ved skisenteret.

I innlegget viser han til at problemet har vore teke opp gjentekne gongar tidlegare:

– Håpar dette kan forbetrast og bli retta til neste år. Løysinga er å starte brøytinga tidlegare, skriv Flo.

Kan ha missa inntekt på halv million

Den nye eigaren Idar Aabøen er skuffa etter å ha sett fram til opninga i helga. Oppe på fjellet står både heis og terrengpark klare til bli tekne i bruk.

Med godt besøk i helga, meiner Aabøen at dei raskt kunne omsett for halve millionen. Senteret som er gått konkurs fleire gonger med ulike drivarar, har eit skralt driftsgrunnlag der små inntekter kan vere avgjerande.

– Resultatet av dette er eit steg nærare spikaren i kista for eit sommarskisenter på staden. Om vegvesenet ikkje vil opne vegen tidlegare i åra framover, tvilar eg på at senteret er drivverdig, seier Aabøen til smp.no.

– Eg meiner at vi møter dårlige argument for at vegen ikkje vert opna, seier han og vedgår at dei kjenner seg motarbeida.

Nasjonal turistveg

Aabøen fortel mellom anna at han møter argument om tryggleik frå vegvesenet, medan entreprenøren gir uttrykk for at det er eit spørsmål om pengar.

– Kvifor? Dette er ein nasjonal turistveg, som styresmaktene har sagt at dei skal satse på, svarar Aabøen.

Prosjektleiar Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen meiner det ikkje er snakk om berre ein liten stubb som sto att då arbeidarane tok helga.

Til NRK Sogn og Fjordane seier han at både parkeringsplass og snuplassar må brøytast.

– Det snøa så tett brøytemannskapet ikkje så hand for seg. Dei gjorde eit nytt forsøk laurdag, då hadde det lagt seg ein halv meter med snø i vegen, då var snøvêret så tett at dei måtte gi seg, seier Karlsen til NRK.

Vegvesenet har krav på seg til å opne vegen til 1. juni - om tilhøva seier det er trygt.