Gjestane vart evakuerte ved eit branntilløp ved ein spisestad i Vanylven søndag, ifølge NRK Møre og Romsdal.

Brannvesenet rykka ut med mannskap frå Syvde og Fiskå til spisestaden som ligg i Syvde. Brannmannskapa har kontroll på staden og har fjerna brannårsaka – ein grill - frå bygget, opplyser 110-sentralen for Møre og Romsdal på twitter.