– Vårt krav er at departementet på nytt vurderer saka, skriv ordførarane og viser til at avgjerda er stikk i strid med råd næringslivet, kommunane og fylkeskommunen gav i høyringsrunden.

Les også: Krev flymøte med minister

Les også: Kuttar subsidiar til HovdenLes også: Tar opp flysaka med Solvik-Olsen

I brevet til den politiske leiinga i departementet åtvarar ordførarane mot å innføre full kommersialisering av Oslo-rutene. Dei meiner det er dramatisk og ikkje berekraftig i denne perioden.

– Vi trur det vil føre til dårlegare flytilbod, auka prisar og ei nedbygging av ein dei mest suksessrike kortbaneflyplassane i Noreg, heiter det i brevet.