At Volda og Ørsta ser ut til å styre unna storkommune gjorde kanskje debatten enklare. Ei kommune frå Volda til Hareid ser dermed ikkje ut til å vere eit alternativ.

Berre Egil Leikanger (Ap) gjekk inn for storkommune på Søre.

– Det blir fleire forandringar i samfunnet. Vi kan like godt ta jafset no og gå for tre kommunar på Sunnmøre, sa Leikanger.

Les også: Ja til Ørsta – nei til Søre Les også: - Ingen vei utenom kommunereformen

Går det opp?

Men heller ikkje ein kommune frå Hareid til Sande eller Vanylven stod særleg høgt i kurs blant Herøy-politikarane.

– Ingen vil vere lag med Ulstein åleine. Hareid vil slå seg saman med minst to andre. Sande jobbar med ei sjuarkommune, dersom ikkje, noko mindre. Og Herøy har ikkje sagt kva vi vil enno, sa ordførar Arnulf Goksøyr (H).

Mageplask?

Refrenget var at Herøy klarer seg fint åleine.

Kaja Runde (Folkelista/Sp): – Eg er ingen rakettforskar, men det blir ikkje betre tilbod i ei større kommune. Og eit velfungerande lokaldemokrati har vi.

Oddmund Voldsund (H): – Eg ser ikkje kvifor vi skal slå i hop noko som fungerer.

Ole Brubakk (KrF): – Av og til seier eg at det blir vel ikkje stort nok før det er ei kommune heile greia, heile landet. Ein storkommune vil svekke lokaldemokratiet.

Idar Tarberg (H): Statssekretæren sa at dette skal gjerast for at innbyggjarane skal få betre tenester. Då spør eg: Kva skal bli betre.

Karly Teige (Frp): – Eg syns vi har det så bra som vi har det. Hadde vi enda visst kva oppgåver vi skal ha om vi blir slått saman.

Arnulf Goksøyr (H): – Nokre vil slå saman dei fire på ytre søre, og eliminere konkurransen mellom Herøy og Ulstein. Eg er ikkje interessert i å eliminere konkurransen. Den er ein av drivarane i lokalsamfunnet, at vi bryne oss på kvarandre.

Bjarne Kvalsvik (Folkelista/Sp): – Dei har ikkje sagt kva vi skal styre med [i ein storkommune]. Eg trur kommunereforma endar med eit stort mageplask.

Les også: Goksøyr: Ser mest ulemper med samanslåingLes også: Sanners kommuner skal få mer å gjøre

Naboprat

Kommunestyret i Herøy gjekk likevel inn for å ta nabopraten, der formannskapa i nabokommunar møtest. Først er det møte mellom Herøy og Ulstein 9. juni.

– No tar vi nabopraten med Ulstein, det trur eg ikkje skadar. Så må vi gjerne invitere andre kommunar til Herøy også, sa Tine Storøy (H).

Fylkeskommunen

Ordførar Arnulf Goksøyr meiner Herøy er stor nok som kommune, med mindre kommunane får overført oppgåver frå fylkeskommunen.

– Vi er altså snart 9.000 innbyggjarar. Dersom vi fekk større makt og mynde over vidaregåande skule og vegbygging, då hadde situasjonen forandra seg. Men fylkeskommunen er for godt forankra på sosialistisk side til det, sa Goksøyr.

Havrommet

Svein Gjelseth (Ap) var blant dei få som forsøkte å seie noko om framtida.

– Eg trur det er viktig at ein kommune har kyststripe. Dette med kysten og havrommet er berre i si spede byrjing. Eg trur den som har kyststripe i framtida vil stå seg godt, sa Gjelseth og tenkte høgt om ein kommune frå Vanylven til Herøy.

Vedtaket

Herøy kommunestyre vedtok i går å utarbeide eit mandat og deretter ei gruppe som kan arbeide vidare med kommunereforma.

Gruppa skal bestå av dei politiske gruppeleiarane, ordførar, representant frå administrasjonen og involvere kommunetilsette og ungdomsrådet.

I går var første store debatt om kommunereforma i Herøy kommunestyre. Dei har som intensjon å ha reforma på sakskartet i kvart kommunestyremøte fram til endeleg vedtak juni 2016.