14 meter under vassflata vil det som blir verdas første røyrtunnel under vatn bidra til å knytte saman søre Sunnmøre og Nordfjord til ein arbeidsmarknad på 70.000 menneske.

Vanylven Utvikling har no fått laga ein video som viser korleis dette kan bli, sjå over.

– For sikkerheits skuld: Dei største offshoreskipa stikk omtrent fem meter ned, verdas største cruiseskipa skip 9,5 meter ned. Og Åramsundet er utdjupa for 13 meter. Så 14 meter skal vere nok å gå på. Ingen båtar kjem i nærleiken av røyrtunnelen, understrekar dagleg leiar Tor Inge Nygård i Vanylven Utvikling.

– De er sikre på at sambandet kjem?

– Vi er sikre og føler at prosjektet er modent, absolutt, seier Nygård.

Vil vise veg

No er kommundelplanane klare, og skal behandlast av kommunestyra i Sande og Vanylven like over sommarferien.

– Vi har ikkje berre ein ambisjon om å vere først i verda med ein slik røyrtunnel, vi har også ambisjonar om å utvikle flytebrukonseptet. Vi kallar dette et samferdselslaboratorium, som ekspertane meiner vil fungere som ein pilot for de store og kompliserte fjordkrysningene – for eksempel på E39 – både med omsyn til teknologi og pris, opplyser prosjektleiar Svein Gjelseth i ei pressemelding.

LEIAR: Nye spelereglar for vegfinansiering

Bakgrunn: Solvik-Olsen: – Ikke fritt framRovdefjordbrua kan gi Hafast-svarDen fjerde gode nyheita for Rovdefjordsambandet

Byggjestart er det umuleg å seie noko om, meiner Tor Inge Nygård.

– Om det er opp til oss, blir det byggjestart seinast 2018, seier han.

Tor Inge Nygård. Arkivfoto